Produktinfo
Bladet, som er forma av eit stykke handpussa og polert masurbjørk, har ein relativt kraftig fingerstoppar som gjer at Eggen fungerer fint både som tur- og jaktkniv. Handtaket er stort nok til at dei fleste hender finn eit komfortabelt grep, mykje på grunn av den betydelege "magen" på undersida av handtaket.
Bladet i laminert Helle-stål er relativt stort med tanke på kniven sin totale vekt, og har ein liten "drop-point" som gjer at kniven også kan brukast til snitting i tillegg til kutting og spikking. Eggen er slik ein allroundkniv av aller beste merke - her får ein mykje kniv for pengane.
Kniven kjem med ei slire i brunt vegetabilsk lær og belteoppheng.
****
Detaljar | Eggen |
Vekt | 120 g |
Stål | Laminert rustfritt trelagsstål - Helle |
Bladtjukkelse | 3,1 mm |
Bladlengde | 101 mm |
Konstruksjon | Stikktange |
Skaftmateriale | Masurbjørk |
Lengde handtak | 110 mm |
Sliremateriale | Ekte vegetabilsk lær |
Designer | Gunnar Lothe |
Designår | 1998 |